logo

Nyheter

noimage

Haram Industrier 40 år :)
For å markere at Haram Industrier fyller 40 år, har vi vore på ein flott felles tur med heile bedrifta.

Turen gjekk med buss til vakre Trollstigen, der vi fekk nyte naturen og det gode fellesskapet. Deretter gjekk ferda vidare til Valldal, der vi samla oss til eit godt måltid på Lupinen Kafé. Her fekk vi servert sosakjøt, kjøtkaker, fiskegrateng og god dessert.

 

Til bussturen hadde arbeidsledarane laga nisteposar til alle deltakarane. Vi ønsker å rette en stor takk til REMA 1000 Brattvåg for sponsing av frukt og Sparebanken Møre for matboksar. Ein ekstra stor takk går også til Haram Turbuss, som såg til at vi kom oss trygt og godt fram og attende.

 

Vi sit att med mange gode minner etter ein flott dag. Det var kjekt å høyre latter, glede og gode samtaler gjennom heile turen. Slike opplevingar skapar samhald og fellesskap, og vi er takknemlige for å kunne feire denne milepælen saman.

 

Glimt frå dagen: 

 


 

 

 

Publisert 13.10.2026 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  admin
Source : 


  • Besøk hjå Europrofil
    HIAS har vore så heldige å få reise på bedriftsbesøk til Europrofil :)
    Tidligare har dei vore på besøk hjå oss for å bli betre kjend med
    kven vi er og kva vi gjer. I går var det vår tur til å sjå korleis dei har det,
    lære meir om deira kvardag og sjå nærare på kva dei held på med.
    Det er utroleg givande å møte andre lokale bedrifter som ser verdien
    i arbeidet vi gjer, og vi gleder oss til å sjå om vi kan få til noko saman i framtida.
  • Besøk hjå Neuver Maritime
    Nokre av oss har vore på bedriftsbesøk hjå Neuver Maritime; ein viktig samarbeidspartnar for oss.
    Vi fekk eit spanande innblikk i bedrifta sin kvardag, og vitjinga gav både læring og inspirasjon. Det er alltid kjekt å få sjå meir av verksemdene vi samarbeidar med.
    Takk for eit hyggelig og lærerikt besøk!

  • Haram Industrier i nytt lokale
    Haram Industrier har flytta 🙂

  • HIAS i nytt lokale
    HIAS i nytt lokale
    02.05.2024
    HIAS har flytta 🙂

  • Sommertur til Atlanterhavsparken
    HIAS tok sommeravslutningen på Atlanterhavsparken i år og hele gjengen koste seg 🥰
    Vi takker for oss med bilde av noe av alt det spennende vi så 🙂

  • x