logo

TENESTER

70 21 70 84

Nyheter

Se alle artikler

Velkommen

Haram Industrier AS er ei Vekst-bedrift i skjerma sektor.
Det betyr at vi sysselsett personar som for kortare eller lengre tid har behov for en tilrettelagt arbeidsplass. Vi har tett samarbeid med Nav Haram og næringslivet ellers i vårt distrikt.

  • Haram Industrier AS er 100 % eigd av Haram kommune
  • Våre samarbeidspartnarar/oppdragsgivare er NAV, lokalt næringsliv, Haram kommune og privatpersonar
  • 48 sysselsette pr. 31.12.23
  • Vi har 25 VTA plassar (Varig Tilrettelagt Arbeid)
  • Godkjent opplæringsbedrift.
  • ISO godkjent Norsk Standard NS-EN ISO 9001:2015
  • Mekanisk verkstad - sveising, dreiing, fresing, boring m.m
  • Snekkarverkstad med produksjon av pallar, emballasjekasser, parkbenkar, bord, benkar, poststativ, blomsterkasser, grillhytter m.m
  • Motering/pakking av deler frå næringslivet
  • Bruktbutikk med mykje fine varer
  • Avdeling utegruppe som driv med beskjæring, plenklipping, fasadevask m.m
  • Arbeids- og aktivitetssenter

  
Vår viktigaste oppgåve er å bidra til å utvikle menneske og bygge sjølvtillit til kvar einskild, gje dei ein meiningsfylt kvardag, avklare arbeidsevna eller gi hjelp til å komme i gang i yrkeslivet.

Hjå Haram Industrier AS vil vi at alle skal kunne komme som det menneske det er. Vi jobbar heile tida med å sjå heile mennesket og for å gi kvar einskild ein god kvardag. Arbeid og aktivitet er bra for helsa til kvart menneske.