Haram Industrier AS er ei Vekst-bedrift i skjerma sektor.
Det betyr at vi sysselsett personar som for kortare eller lengre tid har behov for en tilrettelagt arbeidsplass. Vi har tett samarbeid med Nav Haram og næringslivet ellers i vårt distrikt.
- Haram Industrier AS er 100 % eigd av Haram kommune
- Våre samarbeidspartnarar/oppdragsgivare er NAV, lokalt næringsliv, Haram kommune og privatpersonar
- 48 sysselsette pr. 30.09.24
- Vi har 25 VTA plassar (Varig Tilrettelagt Arbeid)
- Godkjent opplæringsbedrift.
- ISO godkjent Norsk Standard NS-EN ISO 9001:2015
- Mekanisk verkstad - sveising, dreiing, fresing, boring m.m
- Snekkarverkstad med produksjon av pallar, emballasjekasser, parkbenkar, bord, benkar, blomsterkasser m.m
- Montering/pakking av deler frå næringslivet
- Bruktbutikk med mykje fine varer
- Avdeling utegruppe som driv med beskjæring, plenklipping, fasadevask m.m
- Arbeids- og aktivitetssenter
Haram Industrier AS er ein inkluderande arbeidsplass der menneske, ressursar og mogelegheiter står i sentrum. Kvar dag jobbar menneske med ulik bakgrunn og ulike styrker saman i eit miljø prega av samarbeid, mestring og utvikling.
Gjennom verdifulle oppdrag og godt samarbeid med kundane våre skapar vi mogelegheit for læring, arbeidsglede og personleg vekst. For oss handlar arbeidet om meir enn produkt og tenester – det handlar om fellesskap, tilhøyrsle og det å bidra med det ein kan.