Nyheter HIAS-Trimmen 2015 Vi gjentok suksessen frå i fjor, og arrangerte HIAS-trimmen for omlag 80 påmelde. Dessverre var ikkje vêrgudane heilt på vår side denne dagen, men stemninga og turgleda var på topp sjølv om sola stort sett uteblei. Rolf Inge åpna trimmen Like før startskuddet går Etter knallsuksessen frå i fjor, vart det bestemt at vi ville freiste å gjere HIAS-trimmen til eit årvisst arrangement. Andre fredagen i juni gjorde vi dette og stemninga var ikkje noko mindre ved start i år enn i fjor, sjølv om vêrgudane prøvde å jage oss heim til peis og ullteppe. Nokre fråfall vart det, men vi som gjekk fekk ein tur i både sol og regn.Trass regnet, levde deltakarane på turen verkeleg opp til mottoet: 'Ut på tur, aldri sur' Godt med folk i løypa 'Ut på tur, aldri sur' Turen gjekk rundt Synnalandsvatnet, der alle kunne gå så langt dei sjølv ville og klarte. Undervegs i løypa var det høve til å få seg ein pust i bakken, samt fornye kreftene og få ny energi i form av vatn og frukt. I målområdet vart det servert grilla pølser og saft til deltakarane etterkvart som dei kom i mål. Og aldri har vel ei pølse smaka så godt som denne dagen Når alle hadde kome i mål, blei det delt ut diplom og medalje til alle deltakarane på turen. Grillpølsa smakte eksta godt Grillsjefane denne dagen Verdien av årets tur var også i år høg; deltakarane vart enno litt sprekare, men mest av alt hadde denne dagen ein høg sosial verdi. Nye kontaktar vart skapa, nye venskapsband vart knytte og gamle venskapsband vart fornya. Vi gler oss til neste års tur allereie Glimt frå dagen: Det var godt å få ei pause og ei pølse Ein glad vandrar får sin diplom og medalje Flott diplom for flott innsats 'Sjå kor fin den e' Hunden Balder fikk låne ei medalje Takk for turen Publisert 20.05.2015 Skriv ut artikkelen Link to this news: << Tilbake Reporter : admin Source : Sommerjobb 12.05.2022 Vi søker deg som behøver sommerjobb Les mer >> HIAS kan tilby ulike tenester: 07.01.2020 Les mer >> HIAS Skjærefjøl 27.11.2019 Praktiske skjærefjøler av høy kvalitet. Laget av eik. Les mer >> HIAS-Trimmen 2019 05.07.2019 Årets HIAS-Trim vart ei strålande historie med sol frå nesten skyfri himmel og rundt 170 glade trimmarar :) Les mer >> HIAS Opptenningsved 19.02.2019 NYHET!No tilbyr vi praktisk opptenningsved i posar, der kvar pose inneheld ca. 11 liter opptenningsved. Eit flott hjelpemiddel når du skal fyre i ovnen og i peisen :) Vi produserar dessutan både blandingsved og tennrullar :) Les mer >> 20.06.2018 HIAS-Trimmen 2018 - Jubileumstur 12.04.2018 HIAS Postkassestativ 06.02.2018 HIAS trestativ for avfallsdunkar 25.08.2016 HIAS Trekasse/emballasje 16.06.2016 HIAS-trimmen 2016 Cateno CMS Do you want to send ? x