logo

Nyheter

noimage

HIAS-Trimmen 2019
Årets HIAS-Trim vart ei strålande historie med sol frå nesten skyfri himmel og rundt 170 glade trimmarar :)

Spende deltakarar før start 

Årets HIAS-trim gjekk av stabelen 14. juni og i år viste værgudane seg frå si beste side.

Strålande sol frå nesten skyfri himmel skapte ei vakker ramme rundt den årvisse HIAS-trimmen. 

Trimmen gjekk også i år rundt vakre Synnalandsvatnet, der deltakarane sjølve kunne velje kor

langt dei ville gå. Deltakarar frå Ulstein, Vestnes, Ørskog, Stranda, Sykkylven, Norddal, Skodje

og Haram kosa seg på tur i sola og det var berre glade fjes å sjå. 

 
Lang, lang rekke når 170 skal på tur                  Frukt og vatn smakte godt i varmen


Deltakarar från Tremek på Vestnes kosar seg på tur (foto: Tremek)

Etter turen var det grilling og sosialt samvær, og alle deltakarane fekk diplomar og medaljar. 

Det vart også trekt ut premiar mellom deltakarane, og nye og gamle vennskapsband blei knytte.

Den sosiale verdien på ein slik tur en minst like høg som sjølve trimmen. HIAS-trimmen i år går

inn i historia som svært vellukka, og vi gler oss allereie til neste tur :) 

Glimt frå dagen:

Lene, June, Aina og Oli-Anne ordnar med frukta til svoltne trimmarar

 
Magnus i farta (foto: VekstØrskog)                 Irene klar for tur

 
Det blei folksomt i løypa                                  Matkø :)

 
Grillmat er alltid godt                                       Mor og datter koser seg i sola

 
Sosialt samvær er viktig og godt :)                  Alle fekk medalje og diplom

 



 

Publisert 05.07.2019 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  admin
Source : 


  • Sommertur til Atlanterhavsparken
    HIAS tok sommeravslutningen på Atlanterhavsparken i år og hele gjengen koste seg 🥰
    Vi takker for oss med bilde av noe av alt det spennende vi så 🙂

  • HIAS Opptenningsved
    HIAS Opptenningsved
    19.02.2019
    NYHET!
    No tilbyr vi praktisk opptenningsved i posar, der kvar pose inneheld ca. 11 liter opptenningsved. Eit flott hjelpemiddel når du skal fyre i ovnen og i peisen :) Vi produserar dessutan både blandingsved og tennrullar :)
  • HIAS trestativ for avfallsdunkar
    NYHET!
    No produserar HIAS trestativ for avfallsdunkar perfekt tilpassa den nye avfallsordninga som vert innført i år.
    Vi produserar stativa i fleire utgåver, alt etter kva du som kunde har behov for :)
  • HIAS Trekasse/emballasje
    NYHET!
    No produserar HIAS trekasser/emballasje til alle formål.
    Vi produserar i alle storleikar, ingen er for liten og ingen er for stor -
    vi lagar den DU har behov for :)

  • x