logo

Vi ønsker deg velkommen!

Våre oppgåver for deg er:

Å gi deg individuell tilrettelegging.

Uansett kva slags tiltak du er tilslutta, så vert arbeidsoppgåvene, arbeidstida og øvrige arbeidsrelaterte tilhøve tilrettelagt til dine føresetnader for å gjennomføre arbeidet.

Alle arbeidstakarar skal ha høve til å gjennomføre ein arbeidsdag hos oss på sine premisser.

Haram Industrier AS skal vere ein god stad å vere tilsett, vår filosofi bygger på at det einskilde individ skal få utvikle seg i forhold til eigne føresetnader og ferdigheiter. 

Våre forventningar av deg:

Vi reknar med at du møter på jobb til avtalt tid.

Vi reknar med at du gjer ditt beste for å utføre dei arbeidsoppgåvene du vert tildelt.

Vi reknar med at du tek kontakt med Haram Industrier AS så fort du veit at du ikkje kan komme på jobb om du er sjuk.

Vi reknar med at du ikkje møter på jobb i rusa eller berusa tilstand, eller på nokon annan måte i ein uegna tilstand.

Vi reknar med at du følgjer bedriftas reglement.