logo

Nyheter

Ledig Stilling
DAGLEG LEIAR

 



Haram Industrier AS er ei VEKST bedrift.
Vi er tiltaksarrangør for tiltak på oppdrag frå NAV og Haram Kommune, og har en kundeportefølje på industri.
Vi er 9 fast tilsette, og tilbyr attføring/opplæring og varig tilrettelagt arbeid til 32 personar. Vi har fem avdelingar: Mekanisk-Miljøavdeling-Bruktbutikk-Pakke-Monteringsavdeling og Snekkaravdeling. Bedrifta er ISO- sertifisert 9001-2015.



Vår daglege leiar skal slutte ved Haram Industrier AS og skal over i ny stilling i eit anna selskap, og vi søker hermed hans etterfølger:
Til stillinga ynskjer vi oss ein person med breitt nettverk både innanfor privat næringsliv og det offentlege. Søkaren må være opptatt av marknadsarbeid, produkt- og forretningsutvikling då dette er eit viktige fundament i å sikre bedriftas framtid. Som dagleg leiar blir din fremste utfordring å finne en balanse imellom tilrettelegging for eit hensiktsmessig attføringsfagleg tilbod og gjennomføring av en forretningsmessig drift av selskapet.

 

Det er ønskeleg med utdanning på høgskulenivå eller solid og brei arbeidserfaring frå liknande arbeid.

 

Det er ein fordel om du har attføringsfagleg utdanning, utdanning innan psykiatri eller pedagogikk.

 

Det vil bli lagt betydeleg vekt på personlege eigenskapar.

 

Bedrifta kan tilby utfordrande og interessante arbeidsoppgåver i ei bedrift i endring.  Løn etter avtale. Stillinga inngår i bedriftas pensjonsavtale.

 

For nærare opplysningar kontakt:

 

Styre leiar:  Rolf Longva tlf: 92239925 
Nestleiar: Reidun B. Stavne tlf: 90795041

 

Tilsetjing snarast mogleg.

 

Haram Industrier AS
Postboks 85
6282 BRATTVÅG
Mrk: Stillingsannonse

 

Søknadsfrist 20.10.2017.

Publisert 03.10.2017 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  admin
Source : 


  • HIAS Trekasse/emballasje
    NYHET!
    No produserar HIAS trekasser/emballasje til alle formål.
    Vi produserar i alle storleikar, ingen er for liten og ingen er for stor -
    vi lagar den DU har behov for :)

  • HIAS-trimmen 2016
    HIAS-trimmen 2016
    16.06.2016
    NYHET!
    Årets HIAS-trim vart ein knallsuksess med strålande sol og omlag
    150 glade turgåarar frå Haram, Ørskog, Fræna, Vestnes og Ulsteinvik >:)
  • HIAS Nettbutikk
    HIAS Nettbutikk
    02.02.2016
    NYHET!
    Nå er nettbutikken vår her :)
  • HIAS Bord med lause benkar
    NYHET!
    No produserar vi trebord med lause benkar laga av trykkimpregnert materiale
  • HIAS Solid parkbenk
    HIAS Solid parkbenk
    04.09.2014
    Solide parkbenkar av trykkimpregnert materiale vert no produsert ved HIAS :) Benkane vert produsert etter kunden sine ønskemål.
  • x