logo

Nyheter

noimage

HIAS-Trimmen 2018 - Jubileumstur
Når HIAS inviterar til trimtur, veit vi at vi får ein flott dag. Ikkje ein gong ein 'haust-storm'
i juni kunne dempe steminga denne dagen :)

Spende deltakarar før start 

Årets HIAS-trim gjekk av stabelen 15. juni og i år var det 5 års jubileum. Trimmen gjekk
rundt vakre Synnalandsvatnet, der deltakarane sjølve kunne velje kor langt dei ville gå.
Ein ‘haust-storm’ i juni gjorde nok sitt til at mange valde å gå litt kortare enn dei hadde
tenkt seg, men vêret la på ingen måte dempar på stemninga denne dagen. Deltakarar frå
Ulstein, Vestnes, Ørskog, Ålesund og Haram kosa seg på tur og det var berre glade fjes å sjå. 
 

 
Vi er igang                                                       Mykje folk i løypa


Flotte damer på tur

 

Etter turen var det grilling og sosialt samvær, og den nye daglege leiaren for Haram Industrier,
Terje Aulstad delte ut diplomar og medaljer til alle deltakarane på trimmen. I år var det
5 års jubileum for turen, og det var difor trekt ut fem premiar mellom deltakarane,
ein premie for kvart år. Årets HIAS-trim går inn i historia som svært vellukka,
og vi gler oss allereie til neste tur :) 

 

Glimt frå dagen:
 

Pølsa smakte ekstra godt i dag meiner to         Vi hadde gløtt av blå himmel :)
​koselige karar frå Vekst Ørskog


 
​Mor og datter koser seg på tur                           Oral er like blid som alltid


 
Sola stakk innom og gjorde smila breiare


 
Tonje og Adrian ventar på medaljeutdelinga       Elisabeth har fått medalje og diplom
 


Gjengen frå Tremek, Vestnes som deltok for 5. gongen :) 
 


 
Vinnar av jubileumspremie;                                Vinnar av jubileumspremie;  
Arnt Ove frå Tremek                                           Peter frå Ulshav



Gjengen frå Ulshav, Ulsteinvik



Gjengen frå Vekst Ørskog, Sjøholt


 
Vinnar av jubileumspremie;                             Vinnar av jubileumspremie;
Hanne frå Vekst Ørskog                                  Lars Gunnar frå HIAS

 


HIAS-gjengen :) 

 


 

 

 

 

Publisert 20.06.2018 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  admin
Source : 


  • HIAS Postkassestativ
    NYHET!
    Solid postkassestativ vert no produsert på vårt snikkarverkstad :) Stativa vert
    laga etter mål, slik at du som kunde får det stativet du har behov for :)
  • HIAS Avfallshus med og utan tak

    NYHET!
    Det vert innført ny avfallsordning i år og no produserar vi avfallshus tilpassa fire avfallsdunkar.
    Perfekt for deg som ikkje vil ha regn/snø på toppen av avfallsdunken :)
    Vi produserar husa både med og utan tak, i den storleiken du som kunde har behov for :)

  • HIAS trestativ for avfallsdunkar
    NYHET!
    No produserar HIAS trestativ for avfallsdunkar perfekt tilpassa den nye avfallsordninga som vert innført i år.
    Vi produserar stativa i fleire utgåver, alt etter kva du som kunde har behov for :)
  • HIAS Trekasse/emballasje
    NYHET!
    No produserar HIAS trekasser/emballasje til alle formål.
    Vi produserar i alle storleikar, ingen er for liten og ingen er for stor -
    vi lagar den DU har behov for :)

  • HIAS-trimmen 2016
    HIAS-trimmen 2016
    16.06.2016
    NYHET!
    Årets HIAS-trim vart ein knallsuksess med strålande sol og omlag
    150 glade turgåarar frå Haram, Ørskog, Fræna, Vestnes og Ulsteinvik >:)
  • x