Haram Industrier AS er ei Vekst-bedrift i skjerma sektor.
Det betyr at vi sysselsett personar som for kortare eller lengre tid har behov for en tilrettelagt arbeidsplass. Vi har tett samarbeid med Nav Haram og næringslivet ellers i vårt distrikt.
- Haram Industrier AS er 100 % eigd av Haram kommune
- Våre kundar er NAV, næringsliv og privatpersonar
- 45 sysselsette pr. 31.12.17
- Vi har 20 VTA plassar (Varig Tilrettelagt Arbeid)
- Godkjent opplæringsbedrift fo 4 lærekandidatar
- Vi har i dag 1 lærekandidat
- ISO godkjent Norsk Standard NS-EN ISO 9001:2015
- Moderne mekanisk verkstad - sveising, dreiing, fresing, boring m.m
- Moderne snekkarverkstad med produksjon av parkbenkar, bord, benkar, poststativ, blomsterkasser, grillhytter m.m
- Motering/pakking av deler frå næringslivet
- Bruktbutikk med mykje fine varer
- Sal av Asiatiske og Øst-Europeiske matvarer i Bruktbutikken
- Miljøgruppe som driv med trefelling/skogrydding, beskjæring, plenklipping m.m
- Arbeids- og aktivitetssenter
Vår viktigaste oppgåve er å bidra til å utvikle menneske og bygge sjølvtillit til kvar einskild, gje dei ein meiningsfylt kvardag, avklare arbeidsevna eller gi hjelp til å komme i gang i yrkeslivet.
Hos Haram Industrier AS vil vi at alle skal kunne komme som det menneske det er. Vi jobbar heile tida med å sjå heile mennesket og for å gi kvar einskild ein god kvardag. Arbeid og aktivitet er bra for helsen til kvart menneske.